Om oss
Tungesvik Bygg – leverandør av skikke byggevare og tjenester frå 1974.
Det starta med å bygga litt. Nå leverer me byggtjenester og byggevarer for over 100 millionar. Utan fornøgde kundar går ikkje det.
Dette kjenneteiknar oss som leverandør:
- lang erfaring om kva som er lurt å gjera og ikkje
- teiknar etter dine ynskjer, ispedd våre erfaringar og tips
- alle godkjenning og papirarbeid blir korrekt
- dyktige fagfolk som kan bygg
- garanti for at alt er som det skal
- stort utvalg i byggevarer – leverer gjerne på byggeplassen
Tungesvik Bygg har kontor, lager og produksjon på Leknestangen Industriområde i Skånevik i Etne kommune, heilt sør i Hordaland.
Me ser fram til å møta deg for ein god byggeprat.
