Byggevarer

Me har eit stort lager med det aller meste av det du kan tenka deg av byggevarer. Som ein del av Byggtorget, er me også ein del av ein landsdekkande kjede. Som sikrar oss og deg eit godt utvalg, rett kvalitet og markedspris.

Kontakt oss når som helst – me kan, vil og får det til:)

Hytter ved sjø eller snø?

At folk har forskjellige interesser er noko alle veit. Enkelte kan ikkje tenkja seg noko anna enn ei hytta ved sjøen, medan andre reiser langvegs for å vera sikre på å kunna oppleva snøen. Me kan tilby hytter til både sjø og snø. Tiltrekkande tomter ved skitrekk eller kort veg til strand og båt. Du kan byggja heilt etter eigne idear, eller kjøpe ei av våre ferdige hytter. Etter fleire 10-år med samtalar med våre kundar og andre, veit me mykje om kva som skal til for at du og dine skal få gode dagar. Ved sjø eller snø? Det er opp til deg!

Våre erfaring – gir deg gode dagar…

Det er mange som byggjer noko som etter ei tid tenkjer at det og det skulle eg gjort litt annleis. Her skulle eg valgt eit anna materiale osv. Vår erfaring skal hjelpa deg til å velja mest mogleg rett heilt frå starten. Tungesvik Hytto er tufta på ein økonomi for folk flest, men du kan velja kva du vil av både løysingar og materiale. Kva som er fordelar og ulemper med dei ulike valga du må ta, skal du langt på veg få vita av oss. Vårt kundeløfte/slagord er som du allereie har avslørt: – gode dagar. Derfor er det viktig for oss at me saman med deg gjer dei rette valga.

Sjølve prosessen

Du kan koma til oss med blanke ark eller ei ferdig teikna hus/hytte. Me kan vera med deg frå den fyrste idemyldringa og behovsanalysen, til den står nøkkelferdig og klar til bruk. Til og med møbleringa kan me ta oss av. Det er viktig å ta dei rette stega saman med folk som har vandra heile vegen mange gonger før – og det har me.

Ferdige hytter har me også. Du kan kontakta oss i dag å flytta inn «i måro». Dette er hytter me veit fungerer for dei fleste, til ein gunstig pris. Forhøyr deg, det kan gi deg og dine gode dagar!

Våre leverandører

In sollicitudin aliquet mi sed fermentum. In aliquam ante et lacus convallis, at accumsan mauris tempor. Aenean molestie eleifend erat quis elementum. In sollicitudin aliquet mi sed fermentum. In aliquam ante et lacus convallis, at accumsan mauris tempor. Aenean molestie eleifend erat quis elementum. In sollicitudin aliquet mi sed fermentum. In aliquam ante et lacus convallis, at accumsan mauris tempor. Aenean molestie eleifend erat quis elementum.